About sex determination in Biology

PhD Candidate, Øystein Monsen, recently published  a debate post in Klassekampen, regarding sex determination in biology. Below you can find the full text of this post (Norwegian only).

 

Øystein Monsen, PhD candidate, NMBU

I den no pågåande transdebatten vert det frå fleire hald lagt mykje meining i biologisk kjøn som ein motsats til ein erkjenningsbasert definisjon av kjøn. Når det biologiske perspektivet er påkalla så sterkt, verkar det nødvendig å freiste å tale om dette frå ein biolog sitt perspektiv.

 

Dei fleste biologar arbeider med ein funksjonell kjønsbinær til dagleg. Ein definerer som regel kjøn som ein rekkje fenotypar (uttrykte eigenskapar) knytt til kjønna forplanting. Det finst eit mangfald av system for å avgjere kjøn, frå Y-kromosomet hjå dei fleste dyr til lands og vanns til fuglane sitt ZW-system (altså er det kvinne-typen som har «Y-kromosomet» hjå fuglar), til meir eksotiske variantar hjå t.d. sopp. Dei av desse fenotypane som til vanleg vert rekna som mest sentrale, er primære kjønskarakteristika, altså om ein produserar store eller små kjønscellar, og det direkte forplantingssystemet. Ein har så ei rekkje andre fenotypar knytt til desse, som vert rekna som sekundære kjønskarakteristika. Dette slår forskjellig ut mellom artar og populasjonar. Altså: Det vi kallar «kjøn», er ein kombinasjon av eigenskapar basert på hovudregelen om kjønna formering. I dei fleste artar er dette praktisk – ein finn at kjøn er ein nyttig variabel i mange samanhengar. Ein ser visse unntak frå eit slikt «statisk» system, særleg under vatn, men hovudregelen er at dyr vert født med eitt av to kjøn (eller som båe), og at det har mykje å seie for livsløpet.

 

Mange eigenskapar er laust knytt til kjøn. Ein fisk som har kvinnelege primærkarakteristika, kan ha «maskuline» sekundærkarakteristika. Å sjå kva kjøn fiskar har, er soleis ofte ganske utfordrande i praksis. Poenget her er at sjølv om kjøn er ein nyttig variabel i ein lang rekkje eigenskapar, ser ein stort mangfald innan kjønna, ofte i ein slik grad at andre faktorar overstyrer kjønsvariabelen. Slike faktorar kan vere genetiske, altså at hofisken har anlegg for å verte meir «maskulin» enn gjennomsnittet basert på kvantitative eigenskapslokus utanom dei kjønsdeterminerte, men då òg må dei realiserast i eit miljø.

Så til mennesket: Ein av dei mest framståande eigenskapane til mennesket er erkjenninga. Dette er ein biologisk eigenskap, ein fenotyp. Det vert knapt født eit menneske som ikkje oppnår erkjenning om det veks opp. Det er ikkje openbart for meg at kjønsidentitet ikkje òg kan reknast som ein fenotyp, altså innan dei rammar som finst innan biologien. Om kjønsinkongruens finst i andre dyr, veit vi ikkje, og det er ikkje særleg interessant: Vi veit at det finst hjå menneske. Opplevd kjøn ser for meg ut som ein viktig sekundær kjønskarakteristikk, og det er ikkje klart at vi skal gi dei primære kjønskarakteristika forrang i denne saka – dei er berre primære av di dei har direkte med forplanting å gjere, som har vorte mindre viktig i vårt menneskesyn elles.

 

For meg verkar det kunstig å setje ein klar grense mellom erkjenning og kjøt eller arv og miljø. Om eg tilhøyrde ein annan fagkrins, ville eg kanskje kalla det metafysikk.

 

First published in Klassekampen, Friday January 22nd 2022. 

 

Leave a Reply